mandag 13. februar 2012

Utbygging, utvikling og demokrati

Gjesteskribent, trykt i Bygdanytt 7.februar 2012:

Entreprenørane Optimera og Block Watne ønsker å bygge ut 1500 nye bustader i Vårheia mellom Indre Arna og Kvamme, og Byrådet har nylig vedtatt å gå vidare med prosjektet. I kunngjeringa på Bergen Kommune sine heimesider inviterer dei folk til å sende innspel og tilbakemeldingar, slik dei er lovpålagt å gjere. Men kva ønsker kommunen og utbyggarane å gjere for å involvere folk i Arna til reell diskusjon om prosjektet?

Eg er einig med Martin Hirth, som i BN 3.februar skriv at Arna bør ta del i den venta veksten i Bergen. Men eg vil også understreke endå tydeligare hans poeng om at Arna som samfunn sjølv må vere klar for ein slik vekst. Då treng vi ein open og forpliktande diskusjon om korleis utviklinga skal vere og kva som krevst av innbyggarane i bygda. Vårheia-prosjektet kan gje 5000 nye innbyggarar til Arna bydel i løpet av nokre år. Det reiser lokale problemstillingar som ikkje lar seg løyse av minimumskrava til offentlig debatt. Korleis kan det til dømes bli tilrettelagt for at det nye området ikkje vert sosialt avskjerma og isolert? Og korleis bør framtidas idrettsanlegg og -tilbod knyttast opp mot mot Vårheia?

For eit drygt år sidan var eg på eit føredrag med Fredrik Barth, arkitekt og planleggar i firmaet Asplan Viak. Spørsmålet han stilte var: «Er reell medverknad mulig på større stader?» Svaret: Det er vanskelig, men gjennomførbart. Og ikkje minst heilt nødvendig for å skape god langsiktig utvikling. Barth viste til konkrete erfaringar med opne møter kor lokalbefolkninga deltar i planlegginga av utviklingsprosjekt. Ikkje berre er medverknad eit demokratisk gode i seg sjølv; Barth framheva korleis det også kan komme fram nye, gode løysingar over tid, samstundes som lokalbefolkninga får ei felles forståing for kva som krevst av samfunnet rundt for å få til vellykka prosjekt. Medverknad tar tid, men dempar konfliktar og skaper større gjennomføringskraft.

Sjølv om lovverket sidan 90-talet har stilt strengare krav til offentlig innsyn i byggeprosjekt, har den reelle, folkelige medverknaden ifølge Barth blitt redusert. Sterke krefter i samfunnet har redusert spørsmålet om by- og tettstadsutvikling til ei sak mellom private interesser og offentlig forvaltning. Når eg leser kunngjeringa på Bergen Kommune sine heimesider vert dette inntrykket forsterka.

Den tekniske og språklige innpakninga til den offentlige kunngjeringa signaliserer mest av alt at dette er ei sak folk flest ikkje bør legge seg opp i og heller overlate til ekspertane. Men ekspertane kjem, bygger og drar – lokalbefolkninga vil alltid vere der. Til forvaltninga sitt forsvar skal det seiast at det enno er ei tidlig fase av prosjektet. Det er enno lov å håpe at dei som faktisk bur i bygda og skal integrere 5000 nye innbyggarar får vere med i planlegginga av ei best mulig løysing for heile lokalsamfunnet.

Kva bør så gjerast? Det bør gjennomførast fleire opne møter oppdelt etter ulike geografiske områder, til dømes Kvamme, Mjeldheim og Indre Arna. Eg tenker ikkje på høyringsmøter kor det er fritt fram for å komme med innspel i plenum, då slike møter ofte vert dominerte av problemfokus og eit ressurssterkt mindretal. Deltakarane på møta bør i staden jobbe med konkrete problemstillingar og arbeide fram forslag som er realistiske og faglig forsvarlige. Gode opne møter kor alle som er med vert utfordra til å bidra innanfor rammer kan både skape større demokratiske kunnskap om utbygging og eit sterkare prosjekt. I tillegg vil det vere grunnleggande å involvere det sterke organisasjonslivet i Arna, ikkje minst den store idrettsrørsla.

Eg trur det no er viktig med eit sterkt pådriv frå lokale organisasjonar, Bygdanytt og folk flest for å få til ein demokratisk prosess til beste for bygda. Arna har eit stort potensiale som vekstområde, men då må alle arnabuarar vere engasjerte og involverte frå første stund. For som Fredrik Barth retorisk spurte avslutningsvis i sitt føredrag: Kva er våre stader utan historiene og kjærleiken frå folka som bur der?


Kommentar: Det har i ettertid blitt ein større diskusjon rundt utbygginga i Vårheia i både Bergens Tidende og i Bygdanytt, utan at dette innlegget skal få æra for akkurat det. Veldig positiv og spennande diskusjon å følge i alle tilfelle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar