torsdag 3. mai 2012

Historia tilhøyrer også oss

Gjesteskribent trykt i Bygdanytt 20.april 2012:

Tidlegare i vår tilbrakte eg ein dag i Bergen Byarkiv i samband med ei privat undersøking, kor målet var å finne meir ut om tyske brakkeleirar i Arna under krigen. Etter ei tråling gjennom hundrevis av brev, korrespondansar og protokollar frå Haus Kommune, fekk eg på fleire måtar eit heilt nytt syn på lokalhistoria under og etter 2.verdskrigen.


Eg vart aller først svært overraska over kor mange tyske leirar det var i Arna under okkupasjonstida. Dei fleste kjenner til fangeleiren på Espeland, men dei øvrige ni-ti militære og sivile brakkeleirane har det blitt lite snakka om, og eg trur desse er ganske ukjente for dei aller fleste i etterkrigsgenerasjonane. Lite hadde eg høyrt om om dei tyske leirene på Mjeldheim, i Tuftadalen, på Unneland, på Gaupås.

Gjennom oppveksten i nærleiken av Holmen har eg høyrt vage rykte om at det under krigen gjekk ei bru over til Seimskaien på andre sida av Arnavågen. Men først denne dagen fekk eg stadfesta dei nye rykta som var utgangspunkt for undersøkinga: Ikkje berre knytta ei flytebru saman dei to sidene av sundet; brua var også ein del av eit sagbruk på Holmen, på bakkane der eg leikte då eg var liten.

Korleis kan det ha seg at verken eg eller dei eg har spurt har høyrt om desse leirene? Ein kan spekulere i mange ulike forklaringar, men ein ting bør vere klart: Også vår generasjon har rett på å kjenne historia om kva som har skjedd i vårt nabolag. Det inneber mellom anna også at dei kvardagshistoriene som ikkje heilt passar inn i den etablerte forteljinga om 2.verdskrigen sannsynlegvis må komme fram.

Eg trur ikkje ettertida, altså vår tid og framover, vil fordømme dei mindre heltmodige sidene ved lokalhistoria under okkupasjonstida, kva no enn desse historiene skulle sei oss. Dei fleste forstår at dei store ideala i ein del tilfelle nok måtte vike noko for å kunne møte kvardagens krav og behov. Då eg leste gjennom bunkane med papir på byarkivet vart eg slått av kor mykje korrespondansane om dei tyske brakkeleirane seier både om folks vanlege liv og behov, og om den større økonomiske utviklinga. Dette er ikkje berre historier som ein gong var relevante for andre; dei seier også noko om kva som er bakgrunnen for den bygda vi kjenner i dag.

Då krigen var over la kommunen brakkene ut for sal, og vanlege menneske kunne søke om å få kjøpe desse. Rifta var stor om desse, og ein svært trengt boligsituasjon kjem tydeleg til uttrykk i dei mange og til dels personlege breva som kom inn til kommunen i 1945.

Den største tildelinga av brakker gjekk til Arne Fabrikker, som trong boligmateriale for å huse fleire arbeidarar i Ytre Arna og dermed auke produksjonen i etterkrigsåra. Breva fortel imidlertid også om alle dei andre som deltok i jakta, men som ikkje vann fram. Ein del av breva er rørande og gir eit innblikk i korleis den konkrete situasjonen var for enkelte familiar. Det verkar openbart at fleire store familiar måtte gje tapt i kampen om å få materiale til sine eigne husvære. Andre hadde tilsynelatande mindre prekære behov, men som samstundes fortel historier om kvardag i økonomiske nedgangstider. Fleire skreiv til kommunen og skildra kor forfalne gardsbygga rundtom var, og søkte dermed om å få kjøpe brakker for å fikse opp desse.

For eigen del la eg spesielt merke til søknaden frå Nils H. I utgangspunktet fordi han søkte spesielt om å få kjøpe kontorbrakka som var tilknytt sagbruket på Holmen, men også på grunn av søknaden i seg sjølv. Han skriv mellom anna: «Me er tvo vaksne og tre born, og har no i 5 år lyt greida oss med 1 rom hjå NN, og med berre delvis tilgjenge til kjøkken. [E]g vil so sterkt eg kan beda Dykk hjelpa oss til betre husvære, og vonar søknaden min kan verte imøtekomen. Vyrdsamt Nils H».

Eg vart verkeleg glad då eg leste at «brakkeutvalet» i kommunen vedtok å innfri søknaden til Nils H slik at han og familien fekk sin eigen stad å bu etter fem år på eit lite kott. Historiene til tilsynsmannen Nils H og dei andre som søkte om å få kjøpe dei tyske brakkene i Arna kjennes på mange måtar meir relevant for meg enn historia til Max Manus. Eg ønskjer å høyre meir om dei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar