lørdag 11. oktober 2014

Eit forsvar for feilskriving


«Hva gikk gale med rettskrivingen?» spør BT på framsida 11.oktober. Den utdanna middelklassen går visst aldri lei av å spreie negative myter om den ulne kategorien «folk i dag» utan sjølv å vise til anna enn eiga magekjensle.

Avisframsida tar utgangspunkt i at språket er i forfall, og støtter oppunder denne sanninga på innsida av avisa ved å snakke med eit lite knippe norsklærarar og akademikarar. Eg har registrert at lister igjen er i vinden, og lanserer dermed mi eiga liste over fenomen som bekymrar meg meir enn om Edel frå Åstveit skriv «nyskjerrig» og «skulder pute»:

  1. At det tilsynelatande er greitt for landets fjerde største avis å påstå at folk flest skriv stadig dårligare utan å kunne dokumentere det
  2. At enkelte akademikarar og ekspertar fritt får komme med bombastiske påstandar om verdas tilstand utan å bli møtt med motførestillingar og kritiske spørsmål
  3. At språk og skriving for ofte vert framstilt som eit sett reglar framfor eit verkemiddel for så mange som mulig til å delta i samfunnet

For, som BT-Magasinet sjølv formidlar i ei knapp setning: Vi veit faktisk ikkje om dagens ungdom skriv dårligare enn før. Men i staden for å gjere ein utforskande sak ut av denne usikkerheita, hoppar avisa i jenka med det sjølverklærte finske språkgeniet Sanna Sarromaa og fyrer laus mot det språklige forfallet i Ibsen og Hamsuns heimland.

Korrekt rettskriving – slett vitskap
Alle teoriar om forfall har sjølvsagt ein historisk dimensjon - ein føreset altså at noko var betre før enn det er no. Det er freistande å tru at dette er ganske enkelt, men for BT og deira utvalte språkekspertar fungerer forfall tilsynelatande i eit synkront tidsvakuum. Ja, det finst sikkert mange som slit med å stave «interesse» og «tunnel» rett, og som til og med delar opp ord som burde ha vore skrive i eitt. Men kva grunnar skal vi ha til å tru at førekomsten av slike rettskrivingsfeil aukar?

Eg har heller ingen vitskaplige referansar på dette, men har hatt gleda av å lese mange gamle brev. For eit par år sidan brukte eg ein del tid på Bergen byarkiv for å lese gjennom hundrevis av innkommande brev til Haus kommune frå 1945-46, forfatta av vanlige bønder og funksjonærar (lang historie). Språkføringa var ikkje mitt hovudfokus, men det var vanskelig å ikkje legge merke til den utstrakte bruken av særskriving. Dagens språkdiskusjon får ofte dette til å framstå som eit nytt fenomen. Datagrunnlaget mitt er rett nok tynt, men stort nok til å fastslå at det er det verkelig ikkje.

Auka bruk av skriftlig kommunikasjon både i jobbsamanheng og i sosiale medie gjer at ein i dag har enkel tilgang på langt meir «folkelig skrift» enn før. Eg har enno til gode å lese tekstar frå i dag som innheld like mange formelle feil som den klare storparten av dei folkelige breva frå tida etter krigen. Nettopp den auka bruken av skriftspråk i formelle og uformelle samanhengar, gjer det langt meir sannsynlig at språkferdigheitene vert betre, ikkje dårligare. Igjen, grunnlaget er tynt, men om du likevel meiner at rettskrivinga er i forfall: Vis meg di guddommelige innsikt eller hald det for deg sjølv.

Det anarkistiske språket
Den mørkaste sida av denne reproduksjonen av vedtatte sanningar er likevel at det oser av klasse- og folkeforakt, slik også Håvard Nyhus påpeikte etter at Sarromaas fekk ause si vrede over den norske språktilstanden i VG. BT gjer seg med sine krigstypar om det anekdotiske språkforfallet til eit talerør for ein elitisme kor språkføring implisitt bør overlatast til dei som meistrar det heilt etter boka. Kva er det desse språkekspertane eigentlig ønskjer? Vil dei ha ein streng sentralnorm som i Frankrike, kor både språklig og politisk makt er sentrert i Paris? Vil dei ha ein norsk norm som liknar meir på den engelske, altså eit skriftspråk som ikkje vert påverka av korleis folk snakkar? Sjølv om det engelske talespråket har endra seg ein del gjennom dei siste århundra, flottar det engelske skriftspråket seg framleis med totalt utdaterte ordformar. Tenk til dømes på orda tough, though, thought, through og thorough, ord som vert skrive nesten likt, men uttala svært annleis. Om eliten skal få dominere språkutviklinga, er dette fort resultatet.

Eg jobbar ikkje sjølv med språkforskning, og heller ikkje spesielt med språk. Men eg er særs glad i den norske språksituasjonen. Den moderne norske språkhistoria er ei forteljing om utvikling av eit anarkistisk system, kor talespråket ligg til grunn for utviklinga av dynamiske skriftspråk som stadig vert tilpassa den verda folk lever i. Den ideologiske grunngjevinga for motkulturar – og etter kvart også for normgjevarar – som gjennom mange år har jobba for folkelige språknormar, er sjølvsagt at så mange som mulig skal kunne delta aktivt i samfunnet, og at ingen elite skal kunne ha monopol på språket og dermed også den politiske makta.

Dette gjeld spesielt for nynorsken, men etter kvart også for utviklinga i bokmål. Sarromaa seier til BT at norsk skriftspråk har enkle og føreseielige system, og derfor er lett å meistre. Det har ho heilt rett i, og det er veldig bra. Men dette er eit resultat av at folkelig tale (og skrift) har fått påverke skriftspråket i særskilt stor grad. Den store fridomen i korleis ein kan uttrykke seg på norsk er eit demokratisk gode som må forsvarast, så får akademiske pedantar heller rive seg i håret over folkets manglande respekt for restane av dativsform i det norske språket.

Ein viktig språkkamp
Eg har 99 problem, andre folks rettskrivingsfeil er ikkje eitt av dei. Det som er eit langt større problem i det norske språket, er korleis spesielt juristar både i privat og offentlig sektor får dominere viktige samfunnsområde med hjelpelaus skriving. Dei siste åra har eg måtte lese ein del brev frå advokatar og frå forvaltningsinstansar som er tilnærma umulig å forstå, sjølv med lengre utdanning innan språkfag.

Dette handlar ikkje om særskriving eller feil med doble konsonantar, men om tekniske formuleringar og tidvis total mangel på flyt. Problemet er sjølvsagt at dette reint faktisk hindrar folk i å forstå konsekvensane av offentlige vedtak som vert gjort, eller at ein som skal inn i ein rettsprosess ikkje forstår korleis ein kan ivareta sin eigne interesser. Ifølgje ei undersøking frå 2012 har over ein million nordmenn problem med å forstå det offentlige. DET er eitt av mine 99 problem.

Det er absolutt ikkje enkelt å forklare kompliserte saker på enkle måtar, men vi må i det minste kunne forvente at det vert prøvd. På akkurat dette området har Statens Vegvesen gjort ein god jobb med målretta forenkling og folkeliggjering av informasjon, mellom anna på deira nettsider. Dette har dei også spart over ein million kronar i porto på, og henvendingane er redusert med 40 prosent.

Heller enn å moralisere over den oppvaksende slekta si påståtte slette omgang med «og» og «å», burde språkdiskusjonen handle om korleis språket kan bli ENDÅ meir folkelig.

2 kommentarer:

  1. Hei Martin! Tusen takk for veldig interessant tilbakemelding! Er på reise no, men skal lese snart, dette verkar knall.

    SvarSlett
  2. Det er mange som jamrar seg over orddelingsfeil. Problemet er lett å løyse, - gjør det tillatt å dele lange substantiv. Det gjør språket lettare å lese, og skaper ingen problemer. Meininga forstår vi likevel ut av sammenhengen, konteksten. Det er bare rettskrivingsfanatikarar med vrang vilje som misforstår på grunn av feil orddeling.

    SvarSlett